Skip to content

Røvaren på krossen

Røvaren på krossen

Av Marcus Sele Samuelsberg

Visste du at røvaren på krossen er ein helgen? I Martyrologium Romanum, som er Kyrkjas offisielle liste over helgenar, står det, i eiga omsetjing:

25. mars. Minnedag for den heilage røvaren, som på krossen vedkjende seg Kristus, og fekk høyra av han: «I dag skal du vera med meg i paradis».

Me kjenner ikkje namnet hans med full visse, men i vestleg tradisjon vert han kalla Dismas eller Dimas.

Forteljinga om dei to røvarane som vart krossfest samstundes med Jesus, finn me i Lukas 23. Den eine vart krossfest på Kristi høgre side, den andre på venstre side (Luk 23,33). Der han heng på krossens altar og ber fram sin Lekam og sitt Blod som eit heilag og fullkome offer til Gud, sin Far, til heile verdsens frelse, har han éin på si høgre side, og éin på si venstre.

Tredje gongen Jesus tala om at han skulle lida og døy og so stå opp att (Mark 10,32-34), kom Jakob og Johannes med denne førespurnaden:

«Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.» «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?» «Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med. Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.» (Markus 10,37-40)

Då Jesus drakk av begeret (jf. Luk 22,42) og vart døypt med dåpen som tyngde han (Luk 12,50), var det ikkje Jakob og Johannes som var saman med han. Det var dei to røvarane. Dismas var ein syndar heile livet og ein røvar. Han vart dømd til døden som ein røvar. Men Gud Faderen hadde avgjort, frå æva, at i den siste timen av sitt liv, skulle han møta Jesus. I den siste timen av sitt liv, skulle han skjøna at Jesus var Herre og Frelsar og at hans rike var utan ende. Og i den siste timen av sitt liv, fekk han eit løfte som ingen andre i Bibelen har fått so beint fram: «Sanneleg, eg seier deg: i dag skal du vera med meg i paradis.» (Luk 23,43)

Saman med den sæle jomfru Maria og apostelen Johannes, var Dismas vitne til krossfestinga. Han såg at Jesus leid for syndene hans. Han såg at Jesus døydde for han. På krossen, ved krossen og frå krossen frelste Jesus Dismas og gav han evig liv. Difor heidrar me Dismas som helgen – ikkje på grunn av det han gjorde, men på grunn av det Jesus gjorde i han.

Jau, både apostlane Johannes og Jakob skulle lida mykje for Jesu namn skuld. Men dei skulle ikkje vera på Jesu høgre og venstre side da han vann vår frelsa på krossen. Der skulle Dismas vera, og den andre røvaren, han som i si siste stund valde å spotta Jesus. Han som jamvel i døden ikkje ville ta imot Jesus.

Lat oss difor venda om og tru på Herren Jesus Kristus, han som elskar oss. Det er aldri for seint. Han som kalla Dismas i hans siste time, kallar òg oss her og no.

Vil du hjelpe andre mennesker med å vokse i troen og kjærlighet til Gud gjennom en gave til EWTN Norge – St Rita Radio? Trykk her for å støtte vårt arbeid

Looking for the latest insights

on church and culture?

Get articles and updates from our WEEKLY NEWS newsletter.


Share

Anbefaling

Flere nyheter om dette emnet

Den hellige Jeanne d’Arc,

Den hellige Jeanne d’ArcMinnedag 30. mai Den 30. mai er festdagen for den hellige Jeanne d’Arc, Frankrikes skytshelgen. Jeanne ble født i en bondefamilie i

Mer nyheter

Bidrag etter emne