Skip to content

Berre kjøtt?

Problemet, skreiv eg, er at eg ser på abort som fosterdrap, og at for meg er det ingen skilnad på fosterets menneskeverd i 12. og 18. veke i svangerskapet.
Grandmother holding Grandchild (Soft focus and blurry)

Berre kjøtt?

Av Knut Ødegård, 26. september, 2024, 05:02
Meld deg på vårt nyhetsbrev her

Då Pål Johannes Nes bad meg skriva ein artikkel om det nye forslaget til abortlov, svara eg at eg visste ikkje om eg hadde noko å bidra med. Problemet, skreiv eg, er at eg ser på abort som fosterdrap, og at for meg er det ingen skilnad på fosterets menneskeverd i 12. og 18. veke i svangerskapet. Det er eit menneske uansett fosterets eller embryoets alder.

Slik sett endrar ikkje forslaget til ny abortlov noko for meg som meiner at mennesket vert skapt i den augneblinken egget byrjar dele seg etter  ha vore råka av mannens sædcelle. Slik meiner eg er ei rett tilnærming til spørsmålet ut frå eit bibelsk syn på når eit menneske vert menneske.

No kan ein mot dette innvenda at eldgamle skrifter, bibelske eller andre, er utdaterte og uvitskaplege og difor ikkje kan vera noko argument i den moderne tids rasjonelle forståing av kva eit menneske er, og menneskets verd.

Men så er det likevel slik at vitskapen ikkje kan vera politikarane til hjelp når dei vil fastesetja nye og nye abortgrenser, denne gongen frå 12. til 18. veke: Det er ikkje medisinskfagleg grunnlag for å hevda at fosteret er meir eller mindre menneske i dén eller dén veka. Det heile fell saman, og abortforkjemparane står attende med heilt andre argument enn den nyare tids medsinske kunnskap om embryo og foster. Sjeldan blir det diskutert kva eit foster er, og om det vert eit tema, er hovudargumentet deira at det er ein del av kvinnekroppen: Berre celleklumpar, i prinsippet det same som overflødige kilo som kan sugast vekk eller ei brysam vorte som kan fjernast med ein skalpell.

Men så er det, slik eg skreiv i eit dikt (“Stjernekart” frå samlinga Det blomstra så sinnssjukt) at alt eg er no, det var der i meg alt som embryo: Eg skildrar på nokså nærgåande vis korleis eg vart eit embryo “med alt mitt vesen/ innkoda i dette korn av støv eg er, og eg falda/ langsamt ut det menneske eg vart alt frå det ville ritt/ på eit gulmåla kvistrom for over 60 år sidan då far min sende/ med eit veldig jubelrop sin sæd inn mot mors egg, då dei to/ smelta saman. Eg falda hender ut, og føter, hjarta hjerne negler/ hår og tynne fingrar falda eg ut, alt var det innkoda men mest usynleg (…)”.

*

Vi feirar i år 1000-årsjubiléet for Kristenretten. Den medførde ei radikal endring i synet på menneskets verd. Før var det ættesamfunnets lov som galdt, medmennesket var ein blodsslektning der verdien låg i å føra vidare utvalde ætter som eigde jordegods, skip og slaver. Dei lågaste i hierarkiet, dei eigedomslause og trellene, hadde ikkje menneskeverd i vår forstand. Fattigfolks nyfødde born og “misfoster” kunne ein setja ut i skogen til ville dyr.

Med Kristenretten kom ein revolusjon i synet på kva eit menneske er: Alt frå unnfanginga til alders skrøpelegdom er det ein bror eller ei syster som har lik verdi med deg sjølv – slik vi alle er Guds born.

Slik vart Noreg gradvis kristna, også i forståinga av fosteret, spedbarnet og oldingens gudegjevne eksistens. I dag feirar vi 1000-årsjubileum for Mostertinget, og i 2030 skal vi feira 1000-årsjubiléet for St. Olavs martyrdød for det kristne Noreg,

Eg er redd vi no har gløymt bodskapen og at det forlengst sekulariserte Noreg sit att med tome rammer kring jubilering utan innhaldet i hendingane 1024 og 1030. Nei, vi set ikkje born ut i skogen til villdyra lenger. Men vi går om mogeleg endå lenger enn dei førkristne: No har vi utstyr som kan sjå inn på fosteret i mors liv, og ser det ikkje velskapt ut, eller er det tvillingar, så kan ein lett bli kvitt dei celleklumpane. I Danmark og på Island blir det ikkje lenger fødd born med Downs syndrom. Dei blir “sortert” vekk saman med andre som avvik frå det vår moderne tid ynskjer skal få leva. Marte Wexelsen Goksøyr hadde på seg ei t-skjorte då ho møtte fram på Stortinget og fekk veksla ord med dåverande statsminister Stoltenberg. På skjorta hennar stod det med store bokstavar UTRYDNINGSTRUET.

Då har vi sagt frå oss arven frå 1024 og 1030 og er komne inn i ei nyhedensk tid. For oss kristne er det no tid for misjon i Noreg, evangelisering.

*

Det dreier seg om det vi med eit noko velbrukt ord kallar menneskeverd, og om kva grunnlag dette menneskeverdet skal ha sine røter i.

Når Gud er gløymt, eller – som òg er pinleg til stades i vår moderne tids religiøse “debatt” – Guds ord blir bortforklara og tillempa det som er populære meiningar i det sekulariserte samfunnet, er vi blitt vidt opne for ein nygamal heidenskap der det er den ynskte, den sterke, nyttige, intelligente, velskapte som skal få livsrom. Dette er ikkje så fjernt frå Hitlers draum om det germanske overmennesket.

Ein slik tenkemåte, som vi høyrer stadig tydelegare sett fram i dagens debatt, ikkje berre i abortdebatten der fosteret ikkje vert omtala som menneske, og slett ikkje som bror og syster, ein slik tenkemåte gjeld no òg oss gamle. Det er tilbod om aktiv dødshjelp, i fleire land (som t.d. Nederland og Belgia) er det no lovleg å utføra legeassistert sjølvmord ved at legen injiserer dødeleg medikament på oppdrag frå individet.

For kva er vel vi gamlingar anna enn til bry og økonomisk kostnad for eit samfunn der det er dei materielle triumfar som er målestokken. Kva er meininga med å halda oss levande? Eg skriv i eit dikt med tittelen “Berre kjøt” som kjem i bokform neste år at  

Om vi er berre kjøt
og atomar og fysiokjemiske samansetjingar,
kva er då meininga
med å fø på alle desse gamlingane
som kostar oss pengar og bry,
og med å fø på alle desse krøplingane
og alle desse som er sjuke i hovudet
eller har downs. Kvifor ikkje
bli kvitt dette ekstra kjøtlasset?

Om det er slik,
om vi er berre kjøt,
kvifor då ikkje berre slakta
(humant, ei sprøyte berre)
dei arbeidsuføre, senile,
så det blir betre plass
for oss unge, færre
munnar å metta i ei
overbefolka jord?

Kvifor ikkje eit snitt berre
i eggleidarane og stengja dei.
og skjera over sædleidarane,

sterilisera både dei
med genetiske skavankar og folk
i fattige land som formerar seg villt
(så vi får meir livsrom).
Då får vi biologisk forbetring
av oss som vert att
og betre bereemne i kloten vår

som fyk inn mot djupet
av himmelromet.

For det er vel ingen ting der
lengst inne? Anna enn
kalde strålar og daude partiklar?
Dit inn vi fyk
med alle oss senile, alle ufødde
liv, misfoster, genetisk skadde,
rullestolsbrukarar som rullar
rundt i universet:

Ingen ting
der inne, ingen
botn der? Ingen der?
Ingen som står i ei lysande dør
og som seier velkomen heim,
alle borna mine: Dei minste,
dei vanføre, sjuke,
og dei med rullestol
fyrst inn til meg!

Knut Ødegård

Meld deg på vårt nyhetsbrev 

Hver fredag sender vi ut vårt nyhetsbrev


Flere nyheter om dette emnet

Hjelp oss å spre evangeliet i Norge!

Med din hjelp kan vi nå enda flere i Norge med evangeliet. Moder Angelica sa at vi skal prøve på det umulige, så Gud kan gjøre det mulig. Hver dag når vi tusenvis av mennesker fra Haramsøya, noe som skulle være umulig. Dette kan vi bare gjøre takket være din gave. Støtt EWTN Norge – St. Rita Radio i dag.